Kva skal mediehuset heite?

Slik skal mediehuset sjå ut.  Foto: Høgskulen i Volda.

Nyheiter

Høgskulen i Volda inviterer studentar og tilsette til å namngje det nye mediehuset, som skal stå klart til semesterstart 2021.

- Vi håper på mange, gode forslag, seier direktør ved Høgskulen i Volda, Karen Lomeland Jacobsen. Saman med prosjektgruppa for det nye mediehuset, inviterer ho alle studentar og tilsette ved høgskulen om å kome med forslag til namn.

- Dette skal vere eit hus for heile høgskulen, og difor ønskjer vi også at alle skal kunne vere med å påverke namngjevinga. Vi er mange som gler oss og er engasjerte i prosjektet, og det er veldig kjekt å kunne inkludere alle som har lyst til å delta i denne prosessen, seier Lomeland Jacobsen.

Ho gir studentar og tilsette ved HVO fram til fredag 12. juni med å sende inn namneforslag.

Forslagsstillarar skal sende ein e-post merka «Namn mediebygget» til postmottak@hivolda.no med forslag og kvifor du meiner nettopp dette skal vere namn på mediehuset.

Denne måten å namngje hus på høgskuleområdet vore nytta dei seinare åra, og alt tyder på at det er namn på profilerte voldingar og ørstingar frå langt tilbake som slår best an hos «juryen». Hittil har Ivar Aasen, Berthe Kanutte Aarflot, Hans Strøm og Synnøve Riste fått høgskulebygg oppkalla etter seg.

Og så har vi det eldste huset på campus, Kaarstadhuset, som er oppkalla etter den «yngste» mannen, den tidlegare lærarskulerektoren Henrik Kaarstad. Rett nok var han fødd i 1865, og dermed berre sju år yngre enn Synnøve Riste…

Namn på nytt mediehus vert sak for styremøtet i september.