Kraftig kollisjon på rv 15 i Stryn

Trafikkuhell på rv 15 ved Sindre i Stryn.   Foto: BENGT FLATEN, Fjordingen

Nyheiter

Fjordingen Vegtrafikksentralen Vest melder om eit trafikkuhell på rv 15 ved Sindre. Alle naudetatar er på staden.

- Det har vore ein front mot frontkollisjon mellom to personbilar vest for avkørsla til Sør-Markane. Det har vore tilnærma front mot front, og det er ingen bremsespor. Det var ein person i den eine bilen, og to i den andre. Føraren av den eine bilen var fastklemt men er frigjort no. Alle er bevisste, opplyser politioverbetjent ved Stryn lensmannskontor, Vidar Stavik.

Kollisjonen har skjedd ved den gamle kommunegrensa mellom Stryn og Hornindal. To ambulansehelikopter er på staden.

Det er store materielle skader på bilane.

Det er store køar i begge retningar, omkøyring om den kommunale vegen i Nord-Markane. Vegen kjem til å bli stengd ei god stund framover. Oppryddingsarbeid pågår.

Oppdatert kl. 16.00: Ein person er sendt med luftambulanse til sentralsjukehuset i Førde, og ein med luftambulanse til Haukeland i Bergen. Ein tredje person er sendt med ambulanse til Førde.

Denne saka er først publisert i Fjordingen