Hotella førebur seg på ein sommar utan utanlandske turistar

Med håp om ferierande nordmenn og tilpassing til nye smitteverntiltak førebur hotella rundt om i landet seg på ein usikker sommar. For mange er store inntektstap det einaste som er sikkert i år.

Kviknes Hotel i Balestrand førebur seg no på ta i mot nordmenn i sommar.   Foto: Kviknes Hotel

Nyheiter

Eit bortfall av minst 60 prosent av gjestene og strenge smitteverntiltak er det Sigurd Kvikne, hotellsjef ved Kviknes Hotel i Balestrand, ventar seg i sommar.