Geiranger Bakeri i Volda

– Vi er ikkje konkurs

Gaute Myhre Holen er dagleg leiar i Bringebær AS som driv Geiranger Bakeri i Volda.  Foto: Joachim Åsebø

Nyheiter

Tysdag kom nyheita om at bakeriselskapa GB Geiranger AS i Geiranger og GB Produksjon AS i Volda var konkurs. GB Produksjon i Volda har produsert bakarvarer i eit lokale i Volda, og har også hatt såkalla «pop-up»-utsal på Moa og i Kremmergaarden i Ålesund. Nyheita førte til at mange trudde at kafeen Geiranger Bakeri i Volda var konkurs, men drifta av kafeen ligg under selskapet Bringebær AS.