Enormt med snø på Eitrefjellet

Snømålaren har nesten snøa ned

Målestasjonen for snø på Eitrefjell.18.mai 2020  Foto: Svein Aam

Nyheiter

På Eitrefjellet har Vervarslinga sett opp målarar både for nedbør og snømengde.

Nedbørsmålaren på Eitrefjell held seg såvidt over snøen.  Foto: Svein Aam


Snømålaren blir målt med ein laserkanon, som står på ei om lag fire meter lang stang. Men no kan det ikkje kome meir snø - for då kjem snømålaren til å snøe ned.

Målinga 18.mai viser 368,2 centimeter snø - det høgste denne vinteren.

Målestasjonen for snø på Eitrefjell.18.mai 2020  Foto: Svein Aam

Målestasjonen ligg 690 meter over havet, i dalen nord for toppstasjonen på Ørsta skisenter.

- Det legg seg litt ekstra snø her når det bles frå søraust. Men det er likevel ikkje til å kome vekk frå at det er mykje snø i år. Og eg har ikkje opplevd noko som liknar dette den 18. mai, seier Rune Moltudal, drifstleiar på skisenteret.

Ein snøvinter av dei sjeldne altså. Og ein sesong av dei sjeldne for skisenteret. Fram til mars var det for lite snø. Så kom snøen - og så kom koronen.

Øvre stasjon i Nottane. Svinghjulet har så lite klaring at det hadde vore påkrevd med måking ved bruk.  Foto: Svein Aam

- I byrjinga av mars trakka vi heile anlegget for første gong denne sesongen. Så måtte vi stenge. Sidan har det vore topp forhold.

No riggar han ned etter den bedrøvelege sesongen.

Bondalseidet 18.mai 2020. Stolheisen må måkast fram.  Foto: Svein Aam

Men først må han måke fram stolheisen.