Biblioteket har opna igjen

Ørsta folkebibliotek har opna att.

Biblioteksjef: Hanne Steinsvik  Foto: Janne-Marit Myklebust

Nyheiter

- VI ønskjer alle våre lånarar velkomne tilbake til biblioteket!

Slik helsar biblioteksjef Hanne Steinsvik i ei pressemelding.

Biblioteket har no opna att etter at dei måtte stenge grunna smitteverntiltak som følge av koronapandemien.

No opnar dei forsiktig igjen, men grunna smittevernsreglane er opningstidene noko redusert.

Steinsvik opplyser at det no er mogleg å få låne bøker som vanleg, lese aviser, nytte seg av datamaskinene nærast inngangen for å ta utskrifter, og å bruke eiga maskin ved eit ledig bor bakerst i lokalet.

Dette er annleis no:

- Vi har fjerna vassdispensaren, dei fleste av datamaskinene, og fleire av sitteplassane. Lokalsamlinga er ikkje tilgjengeleg, men vi kan hente bøker etter ønske, fortel Steinsvik.

For å kunne halde biblioteket ope på ein trygg måte, ber dei tilsette gjestene om å:

  • Returnere lånte bøker i innleveringskassa og ikkje i skranken.
  • La vere å besøke biblioteket om du ikkje er heilt frisk. Be heller ein ven eller eit familiemedlem om å hente boka for deg.
  • Bruke handsprit når du kjem inn i biblioteket.
  • Halde minst 1-meter avstand til både andre besøkande og bibliotektilsette
  • Maksgrense på tal personar om gongen er 15. Vi som jobbar på biblioteket held orden på dette.

Til barnefamiliar som gjerne vil kome i litt større flokk, er det mogleg om de avtaler på førehand.