Arbeidsløysa markant ned

Nav - illustrasjonsfoto.  Foto: Svein Aam

Nyheiter

Tysdag ettermiddag melder Nav at 337 personar er heilt utan arbeid i Ørsta kommune. Det er nesten 150 færre enn for akkurat ein månad sidan.

Omrekna til prosent vil det seie at 5,9 prosent er arbeidslause i Ørsta den 19. mai, mot 5,3 prosent i Volda.

På fylkesbasis er 8 298 personar heilt arbeidslause i Møre og Romsdal, og det er ein nedgang på heile 886 den siste veka. Andelen heilt ledige er dermed redusert frå 6,6 % til 6,0 %.

Men talet på delvis arbeidslause har auka, nærare bestemt med 106 personar til 9086 den siste veka.

– Det er den same utviklingen som i resten av landet, seier direktør Stein Veland.

Her i distriktet – og i fylket samla – er det kommunane Herøy, Ulstein og Hareid som har størst arbeidsløyse – med ein prosent heilt arbeidslause godt oppe på 8-talet.