- Skummelt i fjellet no

Sjå det digre snøraset på Standaleidet

Nyheiter

- Med dei store snømengdene som har kome, må folk vere forsiktige i fjellet, seier leiar i Ørsta Røde kors hjelpekorps Merete Flø.

Sjå video frå tipsar øvst i saka.

Ho kjem med åtvaringa etter at det måndag har gått to store snøras på Standaleidet.

- Det eine kom frå Noklane, og gjekk i ned på dyrkamarka. Det er store snømengder, og det er mange som brukar å gå på ski på Kolåstinden akkurat i dette området, seier Merete Flø.

Raset gjekk i 12-tida, og ser ut til å vere eit flakskred.

- Dei som tok biletet fortalde at det hadde gått ein skiløpar over her like før, fortel Merete Flø.

Ras frå Oklane på Standaleidet måndag.  Foto: Steinar Hjorthaug

Det andre raset gjekk frå Gluggen , i sida opp mot Fingeren. Også det er digert.

Ras frå Gluggen i sida opp mot Fingeren på Standaleidet  Foto: Steinar Hjorthaug

Varsom.no graderte rasfaren til to for måndag, altså moderat. Men likevel kan det altså vere farleg i fjellet.

I varselet står det: "Stigende temperatur og solgløtt vil opprettholde problemet med naturlig utløste våte skred. Spesielt utsatt er heng som har ligget i le for vinden og som nå har mye løs snø, og heng som får sol. Store naturlig utløste våte skred kan forekomme."

- Skiløparar bør lese varselet nøye. Og bodskapen er enkel: Unngå skredrreng og gjer gode vegval. Hugs og at forholda kan endre seg raskt, og at ein kan vente naturleg utløyste skred, seier leiar for Volda-Ørsta Skredgruppe, Ronny Færøy.

Måndag ettermiddag justerte varsom.no opp skredvarselet til faregrad 3- betydeleg: " Ver forsiktig i bratt og solekponert terreng midt på dagen og i bratte leområde med fokksnø i høgfjellet", står det i varselet for tysdag og onsdag for Sunnmørsfjella.