Krev fortgang for gang- og sykkelveg

– No må politikarane i Ørsta ta tak, og gjere ein innsats for gang- og sykkelveg langs fv. 655 i Åmdalen. Vegen er livsfarleg.

Gangveg: Her stoppar gang- og sykkelvegen i Åmdalen. Per Aambakk ber Ørsta-politikarane om å ta tak i saka.  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

Det seier Per Aambakk i Åmdalen. Han etterlyser initiativ frå politikarane for å få på plass ein gang- og sykkelveg på heile strekninga frå Dalane skule på Brautaset til Høgebrua.