Det vert kortreist øl på Urke kaihus

I løpet av sommaren/hausten, vil ei nyvinning vere å få kjøpt på Urke kaihus: Stennes Fjordbrygg, bryggja på Stenes – rett over fjorden.

Smaking: Aksel Stennes (t.v.), Sindre Stennes og Andreas Lindbæk tek seg ein smak frå det fyrste ølet som er bryggja hos Stennes Fjordbrygg.  Foto: Rune Sæbønes

Heile ideen er jo at det skal vere lokalt forankra og kortreist. Det er så mykje unikt i Hjørundfjorden som vi må byggje vidare på

Tore Lindbæk
Nyheiter

– Dette er ein lekk i vidareutviklinga av Urke kaihus. Vi ynskjer å byggje eit kortreist konsept, og då høyrer eit eksklusivt lokalt bryggja øl med, seier Tore Lindbæk, som saman med Andreas Lindbæk eig og driv Urke kaihus.