17.mai-helsing frå ordføraren:

- Vi må bli flinkare til å sjå dei rundt oss

Nyheiter

Ordførar Stein Aam talte 17. mai digitalt. Han gratulerte sambygdingane med dagen og understreka at årets 17. mai er spesiell.

– Tradisjonar med korps, flagg, tog og glade barn i gatene får me ikkje til i år. Det har korona sett ein stoppar for. 17. mai er først og fremst barna sin dag. Eg håpar at heimane og nærmiljøet tek eit ekstra tak slik at dagen kan bli minnerik. Eg er imponert over kreativiteten i alle bygdelag i Ørsta kommune.

Aam er glad for institusjonar og sjukeheimar tradisjonen tru får besøk av korps.

– Tradisjonar med korps, flagg, tog og glade barn i gatene får me ikkje til i år. Det har korona sett ein stoppar for. 17. mai er først og fremst barna sin dag. Eg håpar at heimane og nærmiljøet tek eit ekstra tak slik at dagen kan bli minnerik. Eg er imponert over kreativiteten i alle bygdelag i Ørsta kommune.

Eit håp som ordføraren i Ørsta delar med mange er at samfunnet gradvis skal kome tilbake til ein normal.

– Barnehagar og skular har vore stengde. Bebuarar på institusjonar har ikkje fått besøk av familie og vener. Og fleire arbeidsplassar har permittert tilsette. Vi er no i gang med opning av desse og resten av samfunnet. Eg håpar at vi kan lukkast å vere tilbake til normalt vis i arbeidslivet.

Helsearbeidarar fekk ein særskild takk frå ordføraren i årets 17. mai-tale.

– Kriseleiinga i kommunen har styrt dette arbeidet i ein svært krevjande situasjon. Eg er ein stor takk skuldig til alle helsearbeidarar. Dersom vi alle stiller opp i denne dugnaden håpar eg at vi snart kan vere tilbake til ein normal kvardag.

Aam oppmoda også ørstingar og andre om å vere ekstra rause på nasjonaldagen.

– Fellesskap er viktig for alle menneske for at vi skal trivast og vere trygge. På høgtidsdagar som i dag skal vi vere ekstra rause. Vi må bli flinkare å sjå dei som vi har rundt oss. Eg likar å sitere Per Fugelli og han seier det slik: Ikkje ve reit eittal på jorda, bry deg om flokken din. Slik som dei modige kvinner og menn på ulikt vis gjorde under krigen. Dei kjempa for felles identitet og vår fridom. Så vil eg ønske alle ein god 17. mai. Hipp hipp.