Kilometerlang bilkortesje i Ørsta

Stor jubel for 17. mai-kortesjen

Nyheiter

Amcar Ørsta Volda saman med gjengen i Luftkjølt laurdag tok initiativet til å få i stand bilkortesje i Ørsta og Volda. Parkeringsplassen ved Alti var smekk full av ulike køyretøy då klokka nærma seg 14.30 på nasjonaldagen. Ført an av Ørsta brann og redning, etterfølgt av naudetatane, starta kortesjen. Langs vegane hadde folk samla seg for å sjå kortesjen og vinke den fram med flagg. Publikum fekk sjå køyretøy i alle mogleg fasongar. Nokre fekk også motorproblem og kom seg ikkje heim for eiga maskin.