Heile Barstadvik samla seg til alternativ 17. mai-feiring

- Heilt fantastisk å sjå

Per Harald Woldsund leia an i bilkortesjen i Barstadvik.  Foto: Joachim Åsebø

Nyheiter

Sludd, regn og kjølig temperatur var det som møtte bygdefolket i Barstadvik då dei vakna på nasjonaldagen, men det sette på ingen måte ein dempar for feiringa. Heile bygda har vore delaktige i nasjonaldagsfeiringa og samla seg, på trygg avstand, søndag. Klokka 12.00 køyrde Per Harald Woldsund ein 17-mai-pynta gråtass ut frå grusbana ved Barstadvik skule. Etter traktoren følgde over femti bilar med norske flagg og pynta bygdefolk i alle aldrar inni. Bilkortesjen gjekk gjennom heile bygda med vinking med flagg og tuting. Sjølv om det ikkje vart eit vanleg folketog i bygda i år skapte bilkortesjen liv og røre.