17. mai-fest på Øye:

- Ein svært spesiell og annleis 17. mai

Kirsten Ose talte under 17.mai-festen på Øye.  Foto: Privat

Nyheiter

Medan nasjonaldagsfeiringa vart digital dei aller fleste stadane i kommunen i år var det opning for samlingar på mindre stadar. Øye har lange 17. mai-tradisjonar, og i år var det Kirsten Ose som talte under 17. mai-festen medan Johan Bjørke Øye las dikt av Haldis Moren Vesaas. Festen starta med bilkortesje og heldt fram i brannhuset på Øye.