Festtale ved Gunnar Ellingsen:

– Det har ikkje alltid vore høve til å ha verken ein nasjonaldag eller fridomsdag

Nyheiter

– Gratulerer med nasjonaldagen, og takk til de som tar aktivt del i – og tar ansvar for – at dagen blir ein nasjonaldag og ein fridomsdag – ikkje berre ein fridag! Det har ikkje alltid vore anledning til å ha verken nasjonaldag eller fridomsdag, og det skal eg kome litt inn på nå i det som eg vil kalle «På kongens bud – Et drama i fem akter».

Det sa Gunnar Ellingsen då han starta den digitale festtalen 17. mai. Ellingsen har sett på nasjonaldagen i eit historisk perspektiv. Den første akten var i 1710 med Kong Christian VI som hovudperson og Arne Myklebust fra Kolbigarden på Myklebust – Jon Krøvel – Peder Mo – Hans Nossen – Peder Åm fra Pettergarden på Ytre-Åm som statistar.

– Desse vart utskrivne 17. mai 1710 og fekk kanskje bodskapen på Ørsta kyrkjebakke om å dra «På kongens bud» for ein konge som dei knapt visste namnet på og for et fedreland som dei neppe hadde så stor identitetsfølelse med. Desse fem ørstingane – og mange fleire som drog før og etter dei i den same krigen – er ikkje nemnt på nokon bautastein, og lite er kjent om korleis det gjekk med dei: Hans Nossen døde på militærsjukehuset «Ladegaarden» i København 21. juli 1713. Arne Myklebust, Jon Krøvel, Peder Mo og Peder Aam kom heim 10. oktober 1719, etter å ha vore borte i meir enn 9 år – og sannsynlegvis med store traume og utan noko tilbod om debrifing.

Akt 2

Napoleonskrigen i 1807 med Napoleon Bonaparte, keiser i Frankrike, som hovudperson og Knut Ingebrigtson Mork, 29 år gammel, som statist.

- Det var tusenvis av kilometer mellom luksusslottet i Versailles og den vesle stua på Mork. Likevel vart trådane vovne inn i kvarandre, for statisten måtte ut i krigen for å slåst for hovudpersonen. Knut Ingebrigtson Mork drog frå Volda 9. september 1807 saman med blant andre Arne Nupen, Anders Hagen, Lars Opsal, Arne Brungot, Elling Aam, Erik Øye, Knut Bjørdal, Jon Bjørdal + voldingen Jakob R. Wasbotn. Kanskje fekk også desse «Kongens bud» på kyrkjebakken i Ørsta.

Akt 3

Unionsoppløysinga i 1905. Hovudpersonar var Kong Oscar II, Christian Michelsen, prins Carl som ble bedre kjent som kong Haakon. Anton Eide fra Hjørundfjord var statist.

- Hjørundfjordingen Anton Eide var mellom de mange frå bygdene våre som var i kongens klede på Nordfjordeid i de spente vekene, og han minnast på 100-årsdagen sin i 1980: «Eg var ferdig med verneplikta det året, men vi vart liggande på Nordfjordeid fjorten dagar ekstra og venta på krig med svenskane. Ranselen hadde eg pakka, og eg hugsar godt då meldinga kom om forlik.»

Akt 4

2. verdskrig. Hovudpersonar var Kong Haakon VII og Vidkun Quisling.

- Bildet av fire søndagskledde menn på Nørestranda som skulle i krigen mot verdas kanskje sterkaste militærmakt. Felttoget i Romsdalen og Gudbrandsdalen, der også ørstingar var med. Alle kom visst heim igjen, vart etter kvart gløymt, fekk kanskje ein diplom lenge etterpå, men kom aldri på nokon minneplakett eller minnestein. Englandsfarten – Kleines London (jf. Fjernsynsprogrammet om Ragnar Ulstein for få dagar sidan) Krigsseglarane – Peder Welle som flykta frå Lofoten med kone og to barn og som segla ute. Peter Garmo som omkom 1. oktober 1943 då båten hans vart torpedert på veg frå Mombasa til Aden. De drog alle «På kongens bud».

Akt 5

I 2020 påpeikar Ellingsen at det er ujamn flagging på 8. mai, dårleg oppslutnad om militærtenesta og nedbygging av forsvaret..

– Det er sjølvsagt flott at vi lever i ein fredeleg del av verda der militærstell og forsvar kanskje ikkje trenger så høg prioritering. La oss likevel hugse at fred og fridom ikkje er evig garantert. Det «klassiske» 17. mai bildet med barnetog, hornmusikk, barn og vaksne kledt i sin beste stas og med titusenvis av norske flagg symboliserer vår sivile feiring av nasjonaldagen. Noreg er på mange måtar i ei særstilling når det gjeld nasjonaldagen. Dei andre nordiske land har ei atskilleg bleikare markering av sine nasjonaldagar, og kjem vi lenger ut vil vi fort legge merke til at nasjonaldagen oftast blir markert med militærparadar, ikkje med barnetog.

· Minnesteinen og den årlege minnestunda på kyrkjebakken omfattar både dei soldatane som er nemnt der og dei tallause ørstingane som ikkje er nemnt, men som i ulike ufredstider og krigar måtte dra «på Kongens bud».

Ellingsen sa at han ikkje hadde for seg «ja til et fargerikt fellesskap» – miljøvern, forurensing og trusselen om global miljøkrise – nedrustning – korunaepidemien, eller andre dagsaktuelle, livsviktige saker i 17. mai-talen.

- Eg har hatt ein enkel, kanskje naivt bodskap: eg har prøvd å vise korleis vi har kjempa for vår sjølvstende og fridom i tidlegare krisesituasjonar, eg har prøvd å vise at fridom ikkje er eit sjølvsagt gode som vi sjølv har full kontroll med, og eg har derfor prøvd å peike på symbolikken i 17. mai som ein fridomsdag, ikkje som ein vanleg fridag.