Volda: Ingen nye positive prøvesvar sidan måndag

Test-teltet på parkeringsplassen bak Hamna 20.  Foto: Svein Aam

Nyheiter

Volda kommune melder fredag ettermiddag at det ikkje er fleire som har fått påvist korona-smitte. Ikkje sidan måndag, då ein person fekk påvist smitte, som den første sidan 26. mars.

Torsdag vart fjorten voldingar testa, og dermed nærmar talet seg fem hundre testa. Det er per noe in person med aktiv påvist smitte i Volda, og dei fem andre som har hatt påvist smitte er friske.