Ålesund sjukehus:

Ein tilsett har testa positivt for korona

Nyheiter

Ein tilsett ved Ålesund sjukehus fekk torsdag kveld fyrste symptom på koronasmitte og fredag 15. mai kom det positive prøvesvaret. Det opplyser Helse Møre og Romsdal i ei pressemelding fredag ettermiddag.

– Vedkommande var på jobb ved medisinsk biokjemi onsdag og torsdag denne veka, og hadde då nærkontakt både med pasientar og tilsette ved sjukehuset. Ei kartlegging fredag ettermiddag 15. mai visar at 33 pasientar har hatt nærkontakt med den smitta. Førebels visar den interne kartlegginga at 9 tilsette har vore i nærkontakt med den smitta, heiter det i pressemeldinga.

Sjukehuset vurderer smitterisikoen som svært liten. Alle pasientar og tilsette som har vore i kontakt med den smitta vil bli kontakt i løpet av fredag kveld. Dei blir beden om å gå i heimekarantene i 10 dagar.

Situasjonen påverkar ikkje drifta ved Ålesund sjukehus. Pasientar som er kalla inn til time neste veke skal møte som normalt. Også pasientar som blir akutt sjuke med behov for oppfølging frå spesialisthelsetenesta må ta kontakt.