Det ferskaste korona-tilfellet

"Svært liten sjanse til å finne smittekjelda"

Frå høgre: Kommuneoverlege Inger Lise Kaldhol, ordførar Sølvi Dimmen og kommunalsjef Svein Berg Rusten.  Foto: Svein Nordal

Nyheiter

- Voldingen som fekk påvist korona-smitte sist måndag, kan ha hatt smitta lenge. Vi ser det som svært lite sannsynleg at vi kan finne smittekjelda.

Dette sa kommuneoverlege Inger Lise Kaldhol og ordførar Sølvi Dimmen på pressekonferansen om korona-stoda i Volda torsdag.

Negative prøver ingen garanti

Eit par timar tidlegare kom gladmeldinga om at dei tilsette i heimetenestene som har hatt kontakt med den smitta har testa negativt.

- Men det er ingen garanti for at ingen av dei kan vere smitta. Testing er ferskvare, og skulle ein vere heilt sikker, måtte ein teste seg kvar dag. Det er difor vi har tatt dei ut i ti dagars karantene, sa kommuneoverlege Kaldhol.

Frå legehald har det tidlegare vore sagt at det har liten verdi å koronateste personar utan symptom, då prøva kan bli negativ sjølv om ein har smitte i kroppen.

"Ikkje smitte laus i heimetenesta"

Også krinsen rundt personen som fekk påvist koronasmitte er sett i karantene. Vedkomande kan altså ha hatt smitten lenge, men har ikkje vore i utlandet. -Men det har jo vore smitte her i distriktet i lang tid no, kommenterte kommuneoverlegen.

Personen hadde kontakt med 20 tilsette på sjukehuset og femten i heimetenesta i Volda kommune. Kommunen har testa alle, medan sjukehuset har sett dei tjue av sine tilsette i karantene.

- Ein grunn til at vi valde å teste alle, var for å sjå om det var korona-smitte i heimetenesta. Heldigvis testa alle negativt, og folk skal vite at det er trygt å få heimetenester frå Volda kommune, sa kommunalsjef helse og omsorg i Volda kommune, Svein Berg-Rusten.

På pressekonferansen oppmoda dei sterkt til å halde fast ved strenge smitteverntiltak, og minna om at teststasjonen no er flytta til parkeringsplassen bak Hamna 20 i Volda sentrum.

Godt over 400 er hittil testa i Volda kommune, og det nye tilfellet 11. mai var det første sidan 26. mars.