20 hadde kontakt med korona-pasient utan verneutstyr

Men ikkje samla testing av dei sjukehustilsette

- Vi valde ein annan strategi enn Volda kommune, seier klinikksjef Palma Hånes. Her saman med overlege Rune Heggedal då sjukehuset i april fekk respiratorar i gåve.  Foto: Svein Nordal

Nyheiter

- Vi valde ein litt annan strategi enn Volda kommune, og sende dei tjue sjukehustilsette som har vore i kontakt med korona-pasienten i ti dagars karantene. Om nokon av dei får symptom, må dei syte for å bli testa, seier klinikksjef Palma Hånes på Volda sjukehus.