Dei tilsette som var i kontakt med koronapasienten ikkje påvist smitta

Dei kommunetilsette som vart testa denne veka er ikkje korona-smitta.  Foto: Svein Aam

Nyheiter

Volda kommune melder torsdag morgon at alle dei tilsette i Volda og Ørsta kommunar som har vore i nærkontakt med den siste koronasmitta har testa negativt.


20 hadde kontakt med korona-pasient utan verneutstyr

Men ikkje samla testing av dei sjukehustilsette


Det vil seie at dei ikkje er smitta av koronaviruset.

Alle dei tretti som vart korona-testa i Volda den 12. mai har fått tilbake negative prøvesvar.

Hittil har 459 voldingar blitt testa.

Personen frå Volda som fekk påvist korona-smitte sist måndag hadde vore på sjukehuset eit par dagar i førre utan å ha vanlege teikn på korona, og vart så utskriven. Vedkomande fekk så besøk av heimetenestene, før det igjen vart innlegging. Dermed har personen hatt kontakt med over tretti tilsette på sjukehuset og i heimetenestene.