Var i kontakt med koronasmitta pasient:

Tjue sjukehustilsette i karantene

Karantene: Tjue tilsette ved Volda sjukehus er no i karantene etter kontakt med ein koronasmitta pasient.  Foto: Knut Arne Aarset, Sunnmørsposten

Nyheiter

- Uoppdaga koronasmitte hjå ein innlagd pasient ved Volda sjukehus gjer at 20 tilsette ved sjukehuset er satt i heimekarantene. Også i Volda kommune er helsepersonell satt i karantene.


Var i kontakt med koronasmitta i Volda

To legar og tretten frå helsetenesta i karantene


Det skriv Helse Møre og Romsdal i ei pressemelding tysdag. Helseføretaket opplyser at pasienten var innlagd ved Volda sjukehus 7. mai.

- Då det ikkje var mistanke om koronasmitte, blei heller ikkje nødvendige smittevernrutinar knytt til koronasmitte følgt. Det blei ikkje teke koronaprøve av pasienten som blei skriven ut til heimen fredag 8.mai.

Pasienten blei på nytt innlagd ved sjukehuset søndag 10. mai.

- Ein valde då å følgje smittevernrutinar og teste vedkomande då det kliniske bilete tilsa det. Måndag ettermiddag kom det positive prøvesvaret, står det i pressemeldinga.

Klinikksjef Palma Hånes ved Volda sjukehus seier at tjue tilsette ved sjukehuset no er i karantene i ti dagar.

- Pasienten har det etter forholda bra og ligg innlagd ved sjukehuset. Vi har gjennomført ein smitteoppsporing og har satt tjue av våre tilsette i karantene i 10 dagar.

Helseføretaket opplyser at smitteoppsporinga viser at ein annan pasient ved sjukhuset har vore i nærkontakt med den koronasmitta pasienten.

- Pasienten er varsla om hendinga og ar fått beskjed om å kontakte sin fastlege.

Volda kommune følgjer opp smittesporinga i kommunen.

Den operative verksemda ved sjukehuset vil gå som normalt, men planlagd elektiv kirurgi blir utsatt resten av veka.