Serveringsstadane opnar att

Kafeen i Svendsengarden, Fru Svendsen, opnar dørene att torsdag etter å ha vore stengt ein periode. Fugl Føniks gjer det same fredag.

Fru Svendsen: Anne Elin Brautaset lokkar igjen med kaffe og kaker på Fru Svendsen. Arkivfoto 

Nyheiter

– Eg er klar for å ta imot gjestar att. Vi opererer sjølvsagt innanfor smittereglane, noko om bety at vi maksimalt kan ha 50 inne i lokalet, seier Anne Elin Brautaset.

Ho seier at det vert tilnærma normal drift frå torsdag.

17.-mai helga står for døra, og Fru Svendsen er normalt ein populær stad ved ei slik høgtid. Men Brauatset har enno ikkje avgjort om ho held ope 17. mai.

– Det kjem litt an på kva 17. mai arrangørane legg opp til, og om det vert folk i sentrum 17. mai.

Fugl Føniks

Etter å ha vore stengt i to månader opnar Fugl Føniks dørene att i Ørsta sentrum. Første opningsdag vert 15. mai skriv verksemda på sine Facebook-sider.

– Vi har lov til å ha 50 kundar/sitteplassar med 1 meters avstand, heiter det i oppdateringa.