Treningsentera tenkjer alternativt

Flytta spinningsalen heim og ut

Family Sports Club tilbyr spinningtimar ute i det fri.  Foto: Even Rotevatn

Nyheiter

Slik dei nasjonale retningslinene er no vil treningssentera vere blant dei siste som får lov til opne dørene att under koronapandemien. Sidan 12. mars har dørene vore stengde, men mange har vore kreative med nettbaserte timar. No kan grupper på opptil tjue personar samlast og dermed har fleire treningssenter også starta med uteaktivitetar. Ved Family Sports Club i Volda har dagleg leiar Even Rotevatn tatt det eit steg lenger ved å flytte spinningsalen heim.