– Berre eitt barn som ikkje har fått plass

Ramma til seksjon barnehage vert auka med 1.754.000, og ramma til seksjon eigedom vert auka med 439.000 for å kunne vareta behovet for barnehageplassar i Ørsta sentrum og på Sæbø barnehageåret 2020/21.

Barnehage: Seksjonsleiar barnehage, Reidun Mo, fortel at det ser ut til at barnehagekabalen for neste år vil gå opp. Ho var til stades og informerte i kommunestyret torsdag førre veke. 

Nyheiter

Det har kommunestyret vedteke. Per mars 2020 hadde Ørsta kommune fått inn 148 nye søkjarar på barnehageplass i Ørsta. Det er i hovudsak barn under tre år det er søkt om plass til, og barnehageplass til desse krev meir areal enn dei store barna som går over i skulen.