– Vi er budde på ny koronasmitte

Kommunedirektør Wenche Solheim orienterte om korleis dei ulike seksjonane har arbeida gjennom koronakrisa.  Foto: Joachim Åsebø

Nyheiter

Kommunedirektør Wenche Solheim gav kommunestyret torsdag ei grundig orientering om korleis dei ulike seksjonane har handtert koronasituasjonen dei siste to månadane.

– Vi må planlegge for å tole smitteutbrot. Vi skal drifte kommunen trygt med smittevern og fagleg krav. Å drifte ei kommune med koronasituasjonen oppå er krevjande. Vi planlegg for ei ukjend framtid og er budde på ny smitte, men vi veit ikkje kven som blir smitta, når dei blir smitta og omfanget, sa Solheim.

Ørsta kommune har fått ekstra tilskot etter store delar av landet stengde ned 12. mars. Kommunen fekk først eit tilskot på 7,85 millionar kroner og har fått tildelt to mindre tilskot etter det.

– Vi har fått ein del inntekter, men vi har og fått merka ekstrautgiftene. Vi går i pluss, men det er mange utgifter som ikkje vert ført på prosjektet vi har oppretta for koronasituasjonen, sa Solheim som poengterte at kommunen ikkje har likviditetsproblem slik situasjonen er no.

Kommunedirektøren er skeptisk til opne opp att Ørsta rådhus på noverande tidspunkt. Ho understreka at det vert redusert opningstid i barnehagane i alle fall fram til sommarferien, og at det er utfordringar med plassmangel på Velle, Vikemarka og Ørsta ungdomsskule for skuleopning.

– Strenge smitteverntiltak og sprengd kapasitet i skulebygg går dårleg saman.

Ordførar Stein Aam sa at det er mange som fortener rosande ord i ei krevjande tid.

– Det har vore tøft, men eg håpar at vi står han av og at det ikkje blir fleire utbrot i Ørsta.