Sunnmøre Kammermusikkfestival avlyser

Frå fjorårets Kammermusikkfestival.  Foto: Janne Marit Myklebust

Nyheiter

I år skulle Sunnmøre Kammermusikkfestival feire 10-årsjubileum, men slik vert det dessverre ikkje. Med bakgrunn i den pågåande og alvorlege situasjonen knytta til covid 19-viruset har styret i Sunnmøre kammermusikkfestival vedtatt at festivalen i 2020 blir avlyst.

- Vi ser fram mot vidare planlegging for neste års festival og ynskjer publikum hjarteleg velkomne i 2021, seier Marie Austrheim, som er dagleg leiar for Sunnmøre Kammermusikkfestival.