Også Volda testar alle med symptom

Korona-testing ved Volda ungdomsskule.  Foto: Svein Nordal

Nyheiter

Volda kommune har som Ørsta også opna for å teste alle med symptom på forkjøling og luftvegssymptom.



Kommunen oppmodar folk med symptom om å ta kontakt med Volda legesenter på telefon 70 05 89 00, og det er viktig å ta kontakt tidleg på dag. Prøvene vert køyrde til Molde seinast 13.30 for å rekke å bli analyserte same dag.

Måndag vart det testa atten personar i Volda, og hittil har 355 voldingar blit koronatesta. Ingen nye har fått påvist smitte sidan 26. mars.