Kommuneoverlege Unni Natås

«Vi er i gang med å teste alle med symptom»

Kommuneoverlege Unni Natås i Ørsta.  Foto: Arkiv

Nyheiter

- Den nasjonale målsettinga var å gje tilbod til alle med symptom om å bli koronatesta. Men det har gått fort, og vi er allereie der i Ørsta, seier kommunelege Unni Natås.



Folkehelseinstituttet utvida testkriteria den 29. april. Mikrobiologisk laboratorium i Molde har god kapasitet, så dersom ein har symptom på Covid-19 er det mogleg for alle å bli testa, fortel Natås.

Om ein får symptom er det greitt å halde seg heime i to døgn, og så er det aktuelt å teste. Koronatest-telefonen (90 83 07 20) er open måndag til fredag frå 08.30 til 11.30.

- Det er veldig bra om folk med symptom tar kontakt på denne telefonen slik at ein får vurdert av lege om det er indikasjon for testing. Det er no ynskjeleg å få testa flest mogleg om dei har symptom, seier Natås.