Ingen nye med påvist smitte

Ørsta: Alle med symptom skal i løpet av mai få tilbod om testing

Ørsta kommune melder at alle med symptom skal få tilbod om korona-testing i løpet av mai.  Foto: Svein Nordal

Nyheiter

Ørsta kommune aukar testkapasiteten, og har som mål at i løpet av mai skal alle med symptom få tilbod om å bli korona-testa.



Kommunen melder at alle dei atten prøvene frå onsdag og torsdag har kome tilbake negative.

Ingen prøver vart tatt fredag og i helga.

Kommuneoverlege Unni Natås oppmodar alle til framleis å følgje smittevernreglane like sterkt som før.

- Slike tiltak verkar godt dersom mange følgjer opp. Eg forstår at det er vanskeleg å halde motivasjonen og trykket oppe når det er påvist relativt lite smitte i fylket vårt og det er fleire veker sidan vi har hatt påviste Covid-19 tilfeller i kommunen vår, men vi må vere klar over at situasjonen brått kan snu og mange må i karantene dersom den sosiale kontaktflata har vore stor. Det kan også gjere det vanskeleg å avgrense utbrot, seier ho i ei pressemelding frå Ørsta kommune.