Kommunen vil hjelpe næringslivet, men avventar nasjonale føringar

Mange butikkar har blitt påverka av koronakrisa. Ørsta kommune vil hjelpe det lokale næringslivet, men korleis og med kor mykje midlar er ikkje avklart.   Foto: Rune Sæbønes/Arkiv

Nyheiter

Politikarane i formannskapet var samstemte i at Ørsta kommune må bidra inn i næringslivet som no er hardt råka av koronakrisa. Utvalet fekk grundig orientering frå næringssjef Odd Magne Vinjevoll om situasjonen i dei ulike bransjane, og Ørsta kommune har og utarbeidd ei liste over gryteklare prosjekt som kan vere med på å skape aktivitet frå ulike bedrifter.