Korona

Framleis gode nyhende frå Ørsta

Nyheiter

Ørsta kommune melder torsdag ettermiddag at dei sytten koronaprøvene frå måndag og tysdag har kome tilbake negative. Ein ventar på prøvesvar på dei sju testane frå onsdag, og i løpet av torsdag har elleve nye blitt testa.

Det er til saman er tatt 238 testar i Ørsta kommune.



Folkehelseinstituttet har igjen oppdatert sine testkriterie, som opnar for at endå fleire kan bli testa.
Dei som har symptom og lurer på om dei skal bli testa, kan ringe 90 83 07 20 mellom 08.30 og 11.30.