Flytta salongen heim for å kunne halde ope

Då fotterapeut Sylvia Vartdal ikkje lenger hadde tilgang til fotpleiesalongen sin, måtte salongen kome til henne.

Flytta salongen heim: Sylvia Vartdal henta utstyret sitt på Bakk-Ola-marka, og har etablert seg ein mellombels fotpleiesalong heime på garasjeloftet. - Eg skuldar kundane mine å halde ope, og har eit greitt lokale til det her heime på Vartdal, men når samfunnet er meir tilbake til normalen, vil eg tilbake til Bakk-Ola-marka, fortel Vartdal.  Foto: Janne-Marit Myklebust

Nyheiter

- Til vanleg har eg lokale på Bakk-Ola-marka, der eg trivst svært godt, men no er der strenge restriksjonar for å hindre korona-smitte, og då kunne eg ikkje halde ope lenger, fortel Sylvia Vartdal, som har drive fotpleiesalong i Ørsta dei siste 18 åra.