305 testa i Volda - ingen fleire positive prøver

305 voldingar er til no korona-testa. Den femte og førebels siste fekk påvist smitte for fem veker sidan.  Foto: Svein Nordal

Nyheiter

Volda kommune melder fredag føremiddag at ein heller ikkje denne veka har fått påvist fleire korona-smitta voldingar. Dermed er det fem veker sidan den siste testa positivt.



Til no er 305 personar i Volda kommune testa for korona-smitte, og den femte og førebels siste testa positivt 25. mars. Men det kan vere mørketal, og kommunen understrekar at det framleis er svært viktig å følgje smittevernråda.