Ordførar og kommuneoverlege i Volda

«OK å køyre rundt i russebilen med gjengen»

Sølvi Dimmen og Inger Lise Kaldhol på pressekonferansen torsdag ettermiddag.  Foto: Volda kommune

Nyheiter

Ordførar Sølvi Dimmen og kommuneoverlege Inger Lise Kaldhol med melding til russen: Det er greitt å køyre rundt i russebilen eller samlast i si faste venegruppe. Men større samlingar er framleis strengt forbode.

-Vi har i det siste sett meir av større samlingar av ungdommar, og det er altså ikkje lov. Samtidig vil vi rose det store fleirtalet av ungdommar, som er flinke, og er med på den store dugnaden for å hindre smittespreiing, sa Dimmen og Kaldhol på ei pressekonferanse torsdag ettermiddag.

Men for å vere lit meir på den sikre sida, kjem kommunen med nokre tiltak. Blant anna regulering av vegen til Årneset.

- Denne vegen vert stengt natt til 1. mai og 16. mai. Dette for å prøve å hindre at vi får større konsentrasjonar av ungdommar på ein stad, sa Dimmen og Kaldhol.

Volda har oppjustert korona-testinga, og torsdag vart det gjennomført heile tretti testar av voldingar.

- Alle som føler seg forkjølte eller får symptom på luftvegsinfeksjon må kontakte legesenteret, som vurderer om det er naudsynt å bli testa. Dette gjeld også ungdommen og russen: Føler du deg forkjølt, skal du ikkje møte russebil- eller klassekompisane, men halde deg heime, og bli testa.

Dimmen og Kaldhol kom vidare med eit råd til innbyggjarane: Før smittevern-dagbok!

- Det kan vere lurt å skrive ned kven ein har hatt nærkontakt med kvar dag. Skulle du då bli sjuk, vil det vere enklare for helsetenesta å vite kven som bør setjast i karantene, og bli testa.

- For sjølv om vi har svært lite påvist smitte i vårt distrikt, kan epidemien brått blomstre opp igjen. Slike dagbøker kan vere med og sikre at vi ikkje får eit ukontrollert utbrot, sa Dimmen og Kaldhol.

Kommunen bur seg no på å opne skulane for dei eldre elevane, i tillegg til kulturskulen.