Kommuneoverlegen i Volda

Ber alle med luftvegsinfeksjon om å melde seg for testing

Volda oppgraderer korona-testinga.  Foto: Svein Nordal

Nyheiter

Kommuneoverlege Inger Lise Kaldhol ynskjer å teste fleire med symptom på luftvegsinfeksjon, og ber alle om å ta kontakt.

Det melder Volda kommune på si nettside.

Det har kome nye testkriterium der det er opna for å teste barnehage- og skulebarn og desse sine familiar. Dette gjeld også tilsette i barnehage og skule. For å få betre oversikt over koronasituasjonen ynskjer Kaldhol at dei som har symptom på luftvegsinfeksjon tek kontakt.

Det er ledig kapasitet til å teste fleire. Dersom det vert stor pågang vert dei med tilknyting til barnehage og skule prioritert.