Kan verte oppmjuking av restriksjonane på sjukeheimane

Vurderer besøk utandørs

Ørsta kommune vurderer no om institusjonane i kommunen kan få lette på besøksrestriksjonane.

Vartdal: Det vert no gjort ei vurdering om m.a. Vartdal Helsetun kan få lette på restriksjonen kring besøk. 

Nyheiter

– Ørsta kommune har som andre kommunar i nærområdet valt å halde fram med å vere svært forsiktige med å opne opp for besøk på sjukeheimane i kommunen vår. Det blir lagt til rette for at pårørande får kome i situasjonar der livet går mot slutten, og det vil vi strekke oss for å få til på ein god måte, seier kommuneoverlege Unni Natås.