Dramatisk generalforsamling i Tussa

Eigarane køyrde over styret

Det vart ei dramatisk generalforsamling i Tussa Kraft AS fredag. Storeigarane Ørsta, Herøy og Volda kommunar køyrde over styret. Det handlar om utbyte.

Eigarmakt: Tussa-majoriteten sat på Ørsta rådhus. F.v.: Ordførar Sølvi Dimmen i Volda, ordførar Stein Aam i Ørsta, økonomisjef Jan Inge Bueide i Ørsta og ordførar Bjørn Prytz i Herøy.  Foto: Janne-Marit Myklebust

Nyheiter

Styret i Tussa foreslo for generalforsamlinga null i utbyte no, men at det vart kalla inn til ei ekstraordinær generalforsamling i september, der saka om utbyte kunne verte vurdert på nytt.