Ørsta: Alle testar denne veka var negative

Fire veker har gått sidan den siste fekk påvist korona-smitte i Ørsta.  Foto: Svein Nordal

Nyheiter

Ørsta kommune melder fredag ettermiddag at alle dei ti korona-testane som vart utførte i kommunen frå måndag til onsdag har kome tilbake negative.

I alt har no 203 personar blitt korona-testa i Ørsta.

Fredag har det blitt gjennomført sju korona-testar i Ørsta. Torsdag vart ingen testa.

Framleis er det altså seks personar som har testa positivt for korona-smitte i Ørsta, kommune, men dette har byrja å bli lenge sidan – fire veker sidan den siste – og alle er friskmelde.

4 på sjukehus i fylket

Talet på korona-pasientar innlagde på sjukehusa i fylket er fredag nede i fire. Helse Møre og Romsdal vil av omsyn til personvernet ikkje opplyse kva sjukehus pasientane er innlagde på. Med så få få innlagde pasientar, vil det vere fare for at enkeltpasientar kan identifiserast, skriv HMR.