Volda-ordførar Sølvi Dimmen framfor skuleopninga

«Hald ut - ikkje slakk på smittevern-tiltaka»

Vel to prosent av folket i Ørsta/Volda har hittil vore korona-testa. - Det har hittil vore svært strenge kriterie for kven som har blitt testa, og det kan difor vere mørketal som vi ikkje kan talfeste. Smitten kan spreie seg dersom folk frametter våren ikkje tek smitteverntiltaka like alvorleg som vi gjorde i starten, seier ordførar Sølvi Dimmen.  Foto: Janne Marit Myklebust

Nyheiter

- Det er svært viktig at vi alle held ut og ikkje slappar av på tiltaka. Særleg viktig er dette no når barnehagane er opna og skulane over helga opnar for 1. til 4. klasse, sa Volda-ordførar Sølvi Dimmen på ei pressekonferanse fredag ettermiddag.