Onsdag: Ingen med påvist koronasmitte i Volda

Teststasjonen i Volda. Ikkje sidan 26. mars har nokon i kommunen fått påvist koronasmitte.  Foto: Svein Nordal

Nyheiter

Volda kommune melder onsdag ettermiddag at det no ikkje er nokon med påvist koronasmitte i kommunen. Dei fem som har vore sjuke, er friskmelde, og ingen har testa positivt sidan 26. mars.



Kommunen understrekar at det trass dette kan vere personar i kommunen som er koronasmitta.

I Volda vart det gjennomført fem korona-testar onsdag, medan det dagen før, ikkje vart testa nokon. Totalt er 293 voldingar testa for koronasmitte.