Ny nedgang i talet på koronapasientar på norske sjukehus

Volda sjukehus: Ved Volda sjukehus er det ein pasient som er innlagd med koronasmitte.  Foto: Janne-Marit Myklebust

Nyheiter

Onsdag var 129 koronasmitta pasientar innlagde på sjukehus. Det er ein nedgang på 15 pasientar frå tysdag.

89 av dei koronasmitta pasientane er innlagde på sjukehus i Helse sør-aust, 20 i Helse vest, medan 10 pasientar er innlagde i både Helse nord og Helse Midt-Noreg.

33 av dei koronasmitta pasientane er i respirator. Det er ein nedgang på 7 pasientar frå tysdag.

I Møre og Romsdal var det per tysdag seks innlagde pasientar.

Helseføretaket har lagt ut følgjande status på sine heimesider:

  • Talet på innlagde pasientar med koronavirus: 6
    • Kristiansund sjukehus: 2
    • Molde sjukehus: 2
    • Volda sjukehus: 1
    • Ålesund sjukehus: 1

    Helseføretaket melder også at dei går frå gul til grøn beredskap.

    - Endring frå gult til grønn beredskap vil ikkje føre til endring på dei strenge smitteverntiltaka.