Framleis ingen fleire med påvist koronasmitte i Ørsta

Det nærmar seg fire veker sidan den førre testa positivt på koronasmitte i Ørsta - og i Volda.  Foto: Roy Arne Folkestad

Nyheiter

Ørsta kommune melder tysdag ettermiddag at det framleis ikkje er fleire som har testa positivt for koronasmitte i Ørsta. Dermed er talet på ørstingar med påvist smitte framleis seks, og det har vore uendra i snart fire veker.

Tysdag har det blitt tatt tre prøver. Dei to prøvene frå fredag har kome tilbake negative, og ein ventar prøvesvar på dei to prøvene frå måndag.