Avlyser munnleg eksamen i vidaregåande

Muntleg eksamen er avlyst på alle vidaregåande skular i landet.  Foto: Arkiv

Nyheiter

Regjeringa har bestemt at alle munnlege, munnleg-praktiske og praktiske eksamenar i vidaregåande skule vert avlyste våren 2020.

Det opplyser Kunnskapsdepartementet i ei pressemelding tysdag ettermiddag.

– Vi skulle sjølvsagt aller helst gjennomført eksamen som vanleg, men flka har vor etydelege på at vi må prioritere. Difor prioriterer vi å gjennomføre privatist-eksamenar. Det viktigaste for elevane i vidaregåande skular er eit dei får ei grundig standpunktvurdering og vitnemål, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V).

Frå før av er alle skriftlege eksamenar i vidaregående skule og alle eksamenar på ungdomstrinnet avlyst. No avlyser regjeringa også alle ikkje-skriftlege eleveksamenar i vidaregående skule.