144 koronasmitta pasientar innlagde på sjukehus - seks i Møre og Romsdal

  Foto: Svein Aam

Nyheiter

Etter eit par dagar med auke fell talet på koronainnleggingar. Tysdag er 144 koronasmitta pasientar innlagde på sjukehus – 16 færre enn måndag, melder Nynorsk Pressekontor.

Talet på kor mange pasientar som er i respirator, held fram med å falle og ligg tysdag på 40 personar. Det er tre færre enn måndag, viser tala frå Helsedirektoratet.


Mann frå ei av bygdene i Volda fekk blodpropp i hjernen då han var koronasjuk

"Dei som trur dette er som vanleg influensa tek feil"


I Møre og Romsdal er det no seks pasientar som er innlagde med koronasmitte.

Tal frå helseføretaket tysdag viser at ein av pasientane er innlagd ved kohortavdelinga (spesialavdeling for koronasmitta) ved Volda sjukehus, ein i Ålesund, to i Molde, og to som ligg på intensivavdelinga ved Kristiansund sjukehus.