Éin av ti vil ikkje sende borna tilbake på skulen neste veke

Éin av ti ønskjer ikkje å sende borna tilbake til skulen neste veke. Kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V) åtvarar om at barna kan risikere å gå glipp av undervisning.   Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix / NPK

Nyheiter

Denne veka opna barnehagane, og neste veke opnar òg småskulen att. Éin av ti foreldre seier likevel at dei ikkje vil sende borna tilbake på skulen.

Det kjem fram av ei undersøking som Opinion har gjennomført på vegner av NRK.


Førebur ein ny skulekvardag

Ein meter til, slår rektor Else Lillian Riise ved Øyra skule i Volda fast – og kikar ned på målestokken. Koronakrisa set norske skular på mange prøver når dei snart skal opne dørene att.


Lærarane for 1.–4.-trinn har sidan 12. mars halde heimeundervisning gjennom video- og chatteverktøy. Men kunnskapsminister Guri Melby (V) åtvarar om at dei barna som blir haldne heime når skulane opnar att, vil risikere å gå glipp av undervisning.

– Foreldra kan halde barna heime, men så lenge vi no seier at det er trygt å sende barna på skulen, så kan dei ikkje vente å få eit spesielt opplegg knytt til heimeundervisning slik vi har hatt dei siste vekene, seier ho.

Ho peikar på at det ikkje er ekstra ressursar til å leggje til rette for dei som ikkje har ein gyldig grunn til å halde barna heime.

– Dei er reserverte for dei elevane som ikkje kan kome tilbake på skulen, nemleg elevar i risikogruppa eller som av andre grunnar ikkje kan møte. Elles er vi nøydde til å bruke ressursane på dei som er på skulen, seier Melby.

Styresmaktene: Maks 15 elevar per lærar i småskulen

Måndag vart dei nye rettleiarane om smittevern for skulane under covid-19-utbrotet lagt ut. For dei yngste barna blir det tilrådd maksimalt 15 elevar per lærar.

– Eg er veldig glad for at elevane får komme tilbake til skulen igjen. Skulen er viktig for trivselen til barn og unge, læring og utvikling. For dei fleste vil det bli godt å få ein meir normal kvardag saman med venner i klassen og lærarane, seier Guri Melby.

27. april opnar skulane og SFO for 1.–4. trinn og nokre grupper yrkesfagelevar. No er rettleiarane for korleis skulane kan sikre nødvendige smitteverntiltak klare.

Her ber styresmaktene skulane organisere i mindre grupper, til dømes maksimalt 15 elevar per lærar for 1.–4. trinn.

– For dei yngste elevane og elevar med særskilde behov er det vanskeleg å regulere avstand til andre. Då blir det viktigaste tiltaket å avgrense talet på nærkontaktar til kvar elev og tilsett, til dømes ved å ha mindre grupper og ha faste tilsette for kvar gruppe/klasse, heiter det i rettleiaren.

Styresmaktene har òg komme med rettleiarar for 5.–7. trinn, ungdomstrinnet og vidaregåande, sjølv om det endå ikkje er sett nokon dato for når elevane her skal tilbake.

Frå 5.–10. trinn blir det tilrådd maksimalt 20 elevar per lærar, medan det på vidaregåande ikkje er sett noka maksgrense. Det blir likevel tilrådd å avgrense storleiken på elevgruppene der det er mogleg.