Flyttar ikkje legekontor frå skule

Volda kommune held fast på å ha midlertidig legekontor på Øyra skule

På Øyra skule er det oppretta legekontor for pasientar med symptom på luftvegssjukdom..  Foto: Svein Nordal

Nyheiter

- Kommuneoverlegen har saman med eigedomsavdelinga og skuleliinga vore på synfaring og funne at det ikkje er naudsynt å flytte dette legekontoret. Dette lokalet som er teke i bruk som legekontoret er heilt separat frå undervisningsbygget og med eige ventilasjonssystem. Det er ikkje fare smitteoverføring, skriv kommunen i ei pressemelding.

Det har kome reaksjonar frå forreldre som er sketiske til at det er legekontor på skulen.


Ti døgn før småskule-elevane må tilbake

Foreldre skeptiske til korona-legekontor på Øyra skule


- Eigedomsavdelinga har gjort tiltak for å sikre uteområdet og det vert sett opp sperringar i området rundt inngangspartiet til legekontoret, skriv kommunen i pressemeldinga.

Elles førebur kommunen seg på ei gradvis opning av ulike tilbbod:

I pressemeldinga frå kommunen står det mellom anna:

Idrettshallar vert delvis opna. Kommunale idrettshallar vert delvis opna. Toalett og garderobar vert ikkje opna. Det er krav om maks 5 i grupper som trenar saman, og ein må følgje nasjonale retningsliner. Kvart idrettslag som vil nytte hallane må ha ein kontaktperson som ser til at smitteverntiltaka vert fylgt. Det vil bli sett inn ekstra reinhald.

Gradvis opning av barnehagar. Austefjord barnehage opna i dag, resten av barnehagane opnar i morgon. Det er viktig at alle følgjer smittevernråda som er gitt. Foreldre og føresette må følgje retningslinene dei har fått med sin barnehage.

Gradvis opning av skular. Frå 27. april vert 1.-4. trinn opna i grunnskulen og skulefritidsordninga. Regjeringa kjem med nasjonal rettleiar i samband med opninga, denne er venta i dag. Tilsette i sektor oppvekst har starta arbeidet med å klargjere for opning. Rutinane vil bli tilpassa og tilrettelagt slik at dei vert i tråd med den nasjonale rettleiaren. Det skal vere trygt å sende barna på skule, og det skal vere trygt for dei tilsette å gå på arbeid.