Full fart i barnehagane

– Vi må berre stole på styresmaktene no når barnehagane har opna

Tilbake: Bodil Worren Tvergrov, som er foreldrerepresentant i Mosmarka barnehage, hadde med seg borna sine Oliver (snart 5) og Nora (2) i barnehagen måndag.  Foto: Roy-Arne Folkestad

Nyheiter

Småbarnsmor Bodil Worren Tvergrov var måndag ein av mange foreldre som leverte borna sine til Mosmarka barnehage der kring 60 av til vanleg 90 born no er på plass att. Når barnehagen har ein normal situasjon er det opptil 80 familiar som leverer ungar til barnehagen. No er 3/4 av borna på plass.