Uendra status ved sjukehusa

Volda-pasient er i betring

Volda sjukehus har framleis berre ein korona-pasient. Som er i betring.  Foto: Svein Aam

Nyheiter

I Møre og Romsdal er det fredag framleis seks koronapasientar innlagt ved sjukehusa. Ved Volda sjukehus er det ein innlagt koronapasient, og Helse Møre og Romsdal melder at pasienten er i betring.

Statusen ved dei tre andre sjukehusa er uendra. Ålesund sjukehus har ein pasient innlagt, og pasienten er i betring. Ved Molde sjukehus er to koronapasientar.

- Ein ny pasient med kjent koronasmitte blei innlagd ved intensivavdelinga onsdag kveld 15.april. Tilstanden for pasienten er alvorleg, men stabil. Den andre pasienten er i betring og ligg til behandling i kohortavdelinga, opplyser helseføretaket.

I Kristiansund er det to innlagde koronapasientar. Begge pasientane får intensivbehandling og er i betring.