Opning av barnehagane i Volda

Kommunalsjef for oppvekst, Per Ivar Kongsvik, ordførar Sølvi Dimmen og kommuneoverlege Inger Lise Kaldhol på pressekonferansen fredag ettermiddag.  Foto: Volda kommune.

Nyheiter

Dei kommunale barnehagane i Volda opnar tysdag 21.04, unnateke Austefjord barnehage som opnar måndag. Inntil vidare vert dei ytre rammene for opningstid 08.00 – 15.00, medan barna vil få tilbod om opphaldstid 6 t pr dag. Lokale tilhøve gjer at meir detaljerte rutinar og ordningar ikkje er heilt like barnehagane i mellom. informasjon om dette vil foreldra difor få direkte frå sin barnehage i løpet av dagen i dag.


Ti døgn før småskule-elevane må tilbake

Foreldre skeptiske til korona-legekontor på Øyra skule


Dei private barnehagane opnar seinast onsdag 22.04. Foreldre med barn i private barnehagar får meir informasjon om oppstart direkte frå sin barnehage.

Barn med foreldre i samfunnskritiske funksjonar vil få tilbod om tilsyn utover desse tidene, men viss det ikkje strengt teke er naudsynt vert det oppmoda om å halde seg innan opningstida.

Etter at rettleiaren for barnehage kom onsdag ettermiddag, er det lagt ned eit svært godt arbeid i barnehagane i samarbeid med eigedomsavdelinga og reinhaldstenesta. Dei tilsette har sett seg godt inn i rettleiaren og krava som er sette for opning. Barna er delte inn i faste grupper, det er utarbeidd rutinar for levering og henting og det vert lagt opp til ei vesentleg forsterking av reinhaldet.

Det er i samråd med kommuneoverlegen at vi no kan seie at vi er klare til opning, og at vi kan seie at tilsette og foreldre kan kjenne seg trygge på at vi stettar dei krava som er sette til smittevern.

Vi vil trenge at dugnadsånda framleis held seg oppe. Skal vi få til dette på ein god og trygg måte, treng vi eit godt samarbeid med foreldregruppa. Det tilbodet vi no set i gong vil bli evaluert etter ei tid, slik at vi kan justere og endre på det vi finn naudsynt. Vi vil då få eit grunnlag til å vurdere auka opningstid, som er eit mål. Det viktigaste no er ein god og kontrollert start som alle kjenner seg trygge på, med mål om gradvis auka opningstid.

Måndag kjem rettleiaren som gjeld opning av skulane og SFO for 1.-4. klasse. Vi vil difor først i midten av neste veke kunne kome ut med detaljert informasjon om korleis tilbodet blir for desse elevane, skriv Volda kommune i ei pressemelding.