Aktivitetsauken på sjukehusa

- Skal gjerast på ein trygg måte

Øyvind Bakke er administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal.  Foto: Helse Møre og Romsdal

Nyheiter

- Når vi no aukar aktiviteten, vil det vere eigne rutinar for å gjere dette på ein trygg og god måte, seier adm. dir Øyvind Bakke i Helse Møre og Romsdal.





I mars månad vart 11 300 konsultasjonar i Helse Møre og Romsdal utsatt grunna koronapandemien. 2800 av disse konsultasjonane var utsatt av pasientane sjølv.

I same månad vart det gjennomført 8200 konsultasjonar via video eller telefon. No skal sjukehusa ta opp igjen delar av den normale drifta, seier administrerande direktør Øyvind Bakke i Helse Møre og Romsdal.

Gode smittevernrutinar

I over ein månad har sjukehusa førebudd seg på å ta i mot mange koronasmitta pasientar. I same periode har den planlagde aktiviteten vore kraftig redusert.

- Vi har god kontroll på smittesituasjonen, og per i dag har vi 6 innlagte koronasmitta pasientar. Når vi no aukar konsultasjons og operasjonsaktiviteten på sjukehusa, vil det vere eigne rutinar og retningslinjer for å gjere dette på ein trygg og god måte. Får du ei innkalling til time til utredning eller operasjon, skal du ikkje vere redd for å ta den, seier Bakke.

Ved alle føretaket sine sjukehus, institusjonar og i dei prehospitale tenestene er det etablert gode smittevernrutinar. Alle fire sjukehus har mellom anna oppretta eigne avgrensa område (kohortområde) der pasientar som er mistenkt med koronasmitte, eller som har fått påvist koronasmitte blir isolert.

- Ikkje nøl med å ta kontakt

- Det inneberat vi sikrar at ikkje smitten brer seg til andre deler av sykehuset. Tilsette som har pasientkontakt har fått opplæring i bruk av smittevernutstyr for å hindre smittespreiing. Vi er dermed godt førebudd viss situasjonen skal endre seg, seier Bakke og legg til:

- Helseforetaket har oppmoda befolkninga om ikkje å nøle med å ta kontakt og be om hjelp. Det er ingen grunn til å frykte koronasmitte ved innlegging ved eit av våre sjukehus, seier administrerande direktør Øyvind Bakke i Helse Møre og Romsdal.